|
Jon Eikemo - 24. september
|
|
|
Stabile utlånstal i 2008
Statistikken for 2008 er no klar, og viser eit stabilt utlån ved Gloppen folkebibliotek totalt sett, i høve til 2007. På plussida er ein solid utlånsauke på Sandane etter flyttinga til nye lokale i Trivselshagen, medan Byrkjelo sitt utlån har gått ned.
Den detaljerte 3 PÅ TOPP-lista, viser at romanen "Ligge i grønne enger" av Anne B. Ragde er mest utlånt for dei vaksne, medan den mest leste barneboka er "Heksene" av Roald Dahl - ikkje uventa etter samarbeidet med Gloppen musikkfest. Dette er likevel berre ein liten del av det totale utlånet som har stor breidde.
I 2008 lånte fastbuande og tilreisande 41.855 bøker og andre media, det er berre 167 færre enn året før.
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
|
|
Trivselshagen
|
|
|
|
|
|
6823
Sandane
|
 |
|
|