|
|
|
Økonomiplanarbeidet 2011-2014
Det omfattande arbeidet med årsbudsjett 2011 og økonomiplanarbeidet 2011-2014 er sett i gong. Etter leiarmøtet 7. juli vart det sendt ut budsjettrundskriv nr 1 til alle med budsjettansvar, og det viktige og krevjande arbeidet kan starte. Budsjettrundskrivet inneheld ein plan for korleis arbeidet skal gjennomførast, og det er viktige datoar som må haldast for at arbeidet skal gå som planlagt.
Kvar enkelt einingsleiar kan starte budsjettarbeidet umiddelbart, og er ansvarleg for at arbeidet går fortløpande etter den oppsette tidsplanen.
Frå no og fram til 16. august er det viktig at alle einingsleiarane kontrollerer og dannar seg oversikt over eiga eining. Den 16. august vert det heildaggsmøte for rådmannen si leiargruppe der førebelse utarbeidde rammer vert presentert. Dei påfølgande dagane etter heildagsmøtet skal det ved hjelp av budsjettverktøyet Arena lagast konsekvensjustert budsjett. Fristen for alle avdelingane til å levere konsekvensjustert budsjett er 9. september. Denne datoen er det viktig å merke seg, for det er ikkje høve til å jobbe med detaljar i budsjettet etter denne datoen.
Budsjettrundskriv nr 2 med endelege administrative rammer vert utsendt ca 10. september. Etter dette startar arbeidet i budsjettverktøyet Arena med å registrere tiltak for å få budsjett i balanse. Dette arbeidet må vere klart til 28. september, og leiarforumet skal ha møte.
7.-8. oktober skal økonomiplanarbeidet avsluttast av rådmann og økonomisjef. Dertter startar den politiske behandlinga, og årsbudsjett 2011 og økonomiplan 2011-2014 skal i tur og orden presenterast for utvala, formannskap og kommunestyre.
Heile budsjettrundskrivet finn du her.
Publisert av
Siv Kvalsvik Haugen.
Sist endra 14.07.2010
|
|
|
|
|
Kontakt oss
|
Gloppen kommune
|
|
Grandavegen 9
|
|
|
|
6823
Sandane
|
 |
|
Telefon
|
:
|
57 88 38 00
|
|
Faks
|
:
|
57 88 38 01
|
|
Org.nr.
|
:
|
964 969 124
|
|
|
|
Opningstid
|
:
|
08:00 - 15:00
|
|
|
|
|