|
|
|
Det nye turkartet er her!
Det nye turkartet over Gloppen er no kome, og vi kan glede oss over eit turkart som er endå eit hakk betre enn gamlekartet frå tusenårsskiftet.
Kartet no er i målestokk 1:50.000, det vil seie litt større enn vi er vande med sidan gamlekartet var i målestokk 1:60.000.
Du vil få kjøpt kartet i bokhandelen i løpet av kort tid.
Kultursjef Jan-Kjetil Øygard, som er kommunen sin mann i arbeidet med kartet, er veldig godt fornøgd. - Vi håpar turglade glopparar og andre vil få stor glede av kartet, seier han.
Samanlikna med gamlekartet er talet på turløyper redusert til 20. På den andre sida er kravet for å kome med som løype blitt innskjerpa med omsyn til m.a. skilting. Dei mange verneområda i kommunen er komne med på kartet, og det same gjeld vegnummer på dei vegane som har dette.
Sjå kva firdatidend.no skriv om kartet!
Då er det berre å ønskje folket god tur!
Publisert av
Jan Kåre Fure.
Sist endra 02.08.2010
|
|
|
|
|
|
|
|