|
|
|
|
 Publisert 09.03.2010
 Publisert 09.03.2010
Teknisk, landbruk og kulturutvalet har vedtatt at planen skal reviderast i løpet av 2010. Planen skal legge føringar på kva utvikling vi skal ha for idrettsanleggsutbygginga i kommunen i framtida, og kva anlegg det kan søkjast om spelemidlar til. I tillegg skal planen ha som mål å legge til rette for tiltak som vil vere med å stimulere til auka fysisk aktivitet og friluftslivsaktivitetar.
Kultursjefen ber om innspel og idear til planarbeidet innan 1. mai 2010.
 Publisert 09.03.2010
Svært mange av naturreservata i fylket har førekomstar av plantefelt med gran eller andre framande treslag.
I Kolebakkane er det no, i samarbeid med fleire grunneigarar, sett i gang hogst for å fjerne nokre av plantefelta.
 Publisert 08.03.2010
Dette legatet har som formål å yte hjelp til vanskelegstilte funksjonshemma barn og ungdom frå gardane Egge, Gåsemyr og Strand i Breim og garden Klakegg i Jølster.
Tildeling av midlar frå legatet for 2010 blir no lyst ut med søknadsfrist 10. mars 2010.
 Publisert 08.03.2010
 Publisert 05.03.2010
Fisten for å søkje om kulturmidlar for 2010 er 20. mars i år. Fristen gjeld for søknader om driftsstøtte (for søknader om særskilde tiltak er det ingen søknadsfrist).
Vi ber om at du brukar det elektroniske søknadsskjemaet vårt.
 Publisert 04.03.2010
Torsdag 11. mars i år inviterer Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane til fylkesmessa for ungdomsbedrifter/elevbedrifter.
Messa er i Operahuset på Nordfjordeid og det skal delast ut prisar i 10 kategoriar for vidaregåande skular og to kategoriar i grunnskulen.
Sjå invitasjonen til messa!
 Publisert 04.03.2010
Som ei oppfølging av budsjettvedtaket for 2010 blir det kommunale dagtilbodet i felleshuset i Mona lagt ned frå 1. april i år. Nedlegginga er eitt av tiltaka som må gjennomførast for å få til det innsparingskravet helse- og omsorgssektoren har fått av kommunestyret.
Alle som brukar dette dagtilbodet er varsla om nedlegginga.
 Publisert 04.03.2010
Gloppen kommune vil hjelpe pasientar med særlege hjelpebehov og som ikkje klarar å fylle ut reiserekninga i samband med pasientreiser.
Ta kontakt med servicetorget i Gloppen kommune på telefon 57 88 38 00, så vil vi hjelpe deg med å fylle ut skjemaet.
 Publisert 03.03.2010
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Gloppen kommune
|
|
Grandavegen 9
|
|
|
|
6823
Sandane
|
 |
|
Telefon
|
:
|
57 88 38 00
|
|
Faks
|
:
|
57 88 38 01
|
|
|
|
Opningstid
|
:
|
08:00 - 15:45
|
|
Bilete for dagen
Lonevatnet
Fotograf: Odd O. Støyva
|