småverktøy Større skriftNettstadkartBilete frå GloppenUtskriftsvennelg versjon

Ordføraren

Ordførar | Fotograf: Inger Haldis Aske Lothe
fotograf Inger Haldis Aske Lothe

Ordføraren er kommunen sin øvste folkevalde leiar. Han blir valt av kommunestyret sjølv på første kommunestyremøtet etter kvart val.

Ordføraren i Gloppen er no Anders Ryssdal frå Senterpartiet. Han har vore ordførar i kommunen sidan 1999.

Ordføraren er leiar av kommunestyret og formannskapet. Kommunestyret kan legge spesielle oppgåver og fullmakter til ordføraren.

I Gloppen har ordføraren etter sitt reglement eit spesielt ansvar for desse saksområda:
- marknadsføring av kommunen
- veg- og samferdslesaker
- nærings- og ressurssaker.

Ordføraren har kontor i tredje etasje på Gloppen heradshus. Du treffer han på tlf 57 88 38 51, eller på mobil 977 06 880. Ordføraren si e-postadresse er: anders.ryssdal@gloppen.kommune.no

Desse har vore ordføraren i Gloppen eller kommunesamanslåinga i 1964:

Ordførarar i Gloppen etter 1964
PeriodeOrdførarParti
1999 -Anders RyssdalSenterpartiet
1988 - 1998Nils R. SandalSenterpartiet
1976 - 1987Olav MoritsgårdSenterpartiet
1968 - 1975Ola M. HestenesSenterpartiet
1964 - 1967Johnny BakkeVenstre
 
 
 
Levert av ACOS AS
Gloppen kommune | Grandavegen 9 | 6823 Sandane | 57 88 38 00 | post@gloppen.kommune.no
padlock