Kjøp billettar på nett
Følg oss!!
Følg oss Følg oss på Facebook
Informasjon Publisert 30.06.2010
Sol.no - Underholdning - Bøker

boksida til sol.no finn du bokomtaler, du kan ta ein litteraturquiz eller delta i debattar. Du finn også tips om litteraturbloggar, magasin, bestselgerlister, norske og utanlandske boknyheter, litterære nettsamfunn - til dømes bokelskere.no - forfattaroversiktar, e-bøker, fulltekstbøker på nett og skrivetips.

Treng du eit ekspertsvar om litteratur, kan du bruke Biblioteksvar.no. Bibliotekarar frå over 50 bibliotek over heile landet hjelper deg med å finne den informasjonen du er på jakt etter.

Informasjon Publisert 30.06.2010
Sofakroken med utsikt, Trivselshagen

Biblioteket i Trivselshagen er ope heile sommaren. Vi får stadig inn nye bøker, lydbøker, musikk og filmar, så bla gjerne i "Nytt i hylla". Det er lett å bestille! Då legg vi av til deg - eller reserverer dersom utlånt.

Unn deg litt tid i det flotte biblioteket, anten aleine eller saman med vener eller familie. Her kan du sitte i fred i ein hyggelig krok, nyte utsikten frå ein god sofa, lese for barna i lesebingen på eventyrrommet, bruke internett, lese aviser og blad, og ikkje minst kan du låne med deg skattar heim - heilt gratis. Spør oss gjerne om gode lesetips!

Informasjon Publisert 30.06.2010
Sol og sommar

Biblioteket på Sandane er ope heile sommaren. Opningstid 1. juni til 15. august:

Mandag 12-17
Tysdag 10-15
Onsdag 10-15
Fredag 10-13

Bibliotekbasen er tilgjengeleg heile døgnet - søk og bestill!

Informasjon Publisert 01.03.2010
Landhandleren i Provence

Kinoen og biblioteket fokuserer på go'bitar innan film denne månaden. Kvar tysdag kveld kan du sjå ein go'bit på kino. Kvar dag kan du låne deg ein film-go'bit på biblioteket.

For alle dei som veit at det ikkje berre er Hollywood som kan forføre, forskrekke og fascinere!

Bla deg gjennom film-go'bitane på biblioteket, og legg gjerne inn bestilling!

Informasjon Publisert 14.01.2010
Torill Berge på Gloppen folkebibliotek

I siste utgåve av fagbladet Bibliotekaren er Gloppen folkebibliotek profilert av redaktøren i ein lang artikkel som eksemplifiserer aktuelle nasjonale bibliotekspørsmål med bilder, intervju og eksempel frå Gloppen. Dette er veldig god reklame frå bibiloteket vårt!

Sjå den flotte artikkelen her

Informasjon Publisert 12.01.2010
Festivalbibliotek

Folk i Gloppen set stor pris på biblioteket sitt! Stadig fleire tek biblioteka aktivt i bruk, noko statistikken for 2009 tydeleg viser. 2009 var det første heile året i det nye biblioteket i Trivselshagen. Besøket i det nye biblioteket har auka med 79% frå året før. Utlånet har auka frå 41.855 til 46.725 - altså opp 12% frå 2008. Dette er samla utlånstal for alle tre avdelingar. 

Informasjon Publisert 11.06.2009
Lånekortet

Visste du at LÅNEKORTET gjeld i 2500 norske bibliotek, inkludert Gloppen folkebibliotek? Når du har skaffa deg LÅNEKORTET kan du låne bøker på det lokale biblioteket når du er ute og reiser. Om du no er på ferietur til Bodø, på handballkamp i Førdehuset, eller har lyst innom det nye Nasjonalbiblioteket i Oslo. Levere tilbake kan du t.d. gjere på ditt lokale bibliotek.

Kortet er gratis, og blir utlevert på alle våre tre avdelingar - Sandane, Byrkjelo og Hyen. Hugs å ta med legitimasjon med personnummer.

Informasjon Publisert 16.05.2009
Kommunevåpen - Gloppen

Tlf 57 88 39 90 
E-post bibliotek@gloppen.kommune.no
Adresse: Trivselshagen, Firdavegen 21,
6823 SANDANE

Kontakt tilsette direkte:
Torill Berge, biblioteksjef tlf. 57 88 39 91
Wenche Søreide, bibliotekar tlf. 57 88 39 93
Ann-Kristin Vik Fløtre, bibliotekar tlf. 57 88 39 92

Celia Engstedt, filialstyrar Byrkjelo tlf. 57 86 73 53 
Inger Anne Skeistrand, filialstyrar Hyen tlf. 57 86 98 22

Informasjon Publisert 02.02.2009
Heksene / Roald Dahl

Statistikken for 2008 er no klar, og viser eit stabilt utlån ved Gloppen folkebibliotek totalt sett, i høve til 2007. På plussida er ein solid utlånsauke på Sandane etter flyttinga til nye lokale i Trivselshagen, medan Byrkjelo sitt utlån har gått ned.

Den detaljerte 3 PÅ TOPP-lista, viser at romanen "Ligge i grønne enger" av Anne B. Ragde er mest utlånt for dei vaksne, medan den mest leste barneboka er "Heksene" av Roald Dahl - ikkje uventa etter samarbeidet med Gloppen musikkfest. Dette er likevel berre ein liten del av det totale utlånet som har stor breidde.

Informasjon Publisert 16.01.2009
Lesekrok for litt større barn

Biblioteket på Sandane tilbyr no sjølvbetjent utlån, for dei som ynskjer det. Dette skjer med bruk av strekkodelesar, ved ein eigen PC nær utgangen. Du må ha med lånekortet ditt for å kunne låne sjølv.

Det er enkelt å låne sjølv. Du kan få med kvittering på låna dine (inkl. lånefrist).

Og sjølvsagt er alle velkomne til å låne i skranken som før, dette er meint som ei alternativ teneste for dei som ynskjer det. Det kan sjølvsagt kome godt med når det er kø i skranken.

Bibliotekdatabasen
Bibilotek-Websøk Søk i bibliotekdatabasen
Kontaktinformasjon
_
_
Trivselshagen
6823  Sandane
 
E-post : trivselshagen@gloppen.kommune.no
 
 
Levert av ACOS AS