Skjorta_traktorjente(1).jpg
småverktøy Større skriftNettstadkartBilete frå GloppenUtskriftsvennelg versjon
Møtebøker og møteplan Sjå alle møtebøker for i årSjå alle møtebøker for i fjorMøteplan for kommunestyre, formannskap og utvala

Godtgjersle til folkevalde i Gloppen

Reglement for godtgjersle til folkevalde i Gloppen, fastsett av kommunestyret den 24. juni 2002. Satsane som er sett inn gjeld for 2010, og har som grunnlag at rådmannen si lønnsplassering er kr 566.000,-.

Last ned skjema for reiser og tapt arbeidsforteneste!

I: Omfang og former for godtgjersle

§ 1-1 Heimel
Reglementet er vedteke i medhald av kommunelova § 41.

§ 1-2 Omfang
Reglementet gjeld for folkevalde ombod i kommunale organ oppretta i medhald av kommunelova eller særlov.

Reglementet gjeld i tillegg til kommunale møte også for representasjon i styre og råd og på møte og konferansar, dersom møteorganisasjonen sjølv ikkje betalar godtgjersle.

§ 1-3 Former for godtgjersle
Reglementet omfattar følgjande former for godtgjersle:
1. Møtegodtgjersle, fast og variabel
2. Tapt arbeidsforteneste og anna utgiftsdeking.

II: Møtegodtgjersle

§ 2-1 Grunnlag
Møtegodtgjersla er knytt til lønnsplasseringa av rådmannen, og skal regulerast tilsvarande som rådmannen si lønn. Reguleringstidspunktet for godtgjersla blir sett til 1. januar kvart år.

§ 2-2 Fast møtegodtgjersle*
Fast møtegodtgjersle blir utbetalt slik:
- Ordførar; årleg godtgjersle tilsvarande rådmannen si lønnsplassering (i 2010, kr 566.000,-).
- Varaordførar; årleg godtgjersle tilsvarande 10% av ordføraren si godtgjersle (i 2010, kr 56.600,-).

Dei andre medlemmene i formannskapet og leiarane i hovudutvala; årleg godtgjersle tilsvarande 4% av ordføraren si godtgjersle (i 2010, kr 22.640,-).

*Endra av kommunestyret den 23. februar 2004.

§ 2-3 Variabel møtegodtgjersle*
Den variabel møtegodtgjersla utgjer pr møte 1 ‰ av ordføraren si godtgjersle (i 2010 kr 566,-). Leiarar i utval som ikkje har fast møtegodtgjersle, får utbetalt pr møte 1,5 ‰ av ordføraren si godtgjersle (i 2010 kr 849,-). I utval der leiar eller andre medlemmer også har sekretæransvaret, blir det utbetalt ytterlegare 1,5 ‰ for denne funksjonen. Det blir ikkje betalt møtegodtgjersle for meir enn eitt møte pr. dag.

Folkevalde som mottar fast årleg godtgjersle, får ikkje møtegodtgjersle i det utvalet som den faste godtgjersla er knytt til. Formannskapsmedlemmene og utvalsleiarane får ikkje møtegodtgjersle for møte i kommunestyret.

Ordføraren får ikkje variabel godtgjersle.

* Endra av kommunestyret den 23. februar 2004 og den 25. februar 2008.

§ 2-4 Forliksrådet
(Går ut frå 2006 sidan staten tar over ansvaret for forliksrådet frå 1. januar 2006.)

III: Utgiftsdekning

§ 3-1 Tapt arbeidsforteneste
Folkevalde som har tapt arbeidsforteneste for å delta på kommunale møte og andre møte med rett til godtgjersle får dekka tapet etter desse reglane;

Ulegitimert tap; kr 100,- pr. time, maksimum kr 1.200,- pr. dag, inkludert feriepengar. Dei som kan sannsynleggjere at tapet er vesentleg større enn kr 100,- pr. time, får dekka tapt arbeidsforteneste etter pkt. b.

Med legitimasjon (trekk i lønn), inntil kr 1.200,- pr. døgn, inkludert feriepengar.

§ 3-2 Skyss- og kostgodtgjersle
Folkevalde har rett på skyss- og kostgodtgjersle etter kommunen sitt reiseregulativ.

§ 3-3 Pass av barn
Kommunen dekkjer utgifter til pass av barn i samband med kommunale møte etter satsane i § 3-1, punkt a.

IV: Særskilde reglar

§ 4-1 Utbetaling
Møtegodtgjersle blir som hovudregel utbetalt automatisk. Tapt arbeidsforteneste, utgiftsdekning og møtegodtgjersle for deltaking i konferansar og anna der kommunen ikkje fører møtebok, blir utbetalt etter rekning.

§ 4-2 Tolking av reglementet
Ordføraren tolkar reglementet og tar stilling til tvilstilfelle, som ikkje er prinsipielle.

Publisert av Jan Kåre Fure. Sist endra 30.03.2010
Kontaktinformasjon
Gloppen kommune
Grandavegen 9
6823  Sandane
 
E-post : post@gloppen.kommune.no
 
 
Telefon : 57 88 38 00
Faks : 57 88 38 01
Org.nr. : 964 969 124
_
Opningstid : 08:00 - 15:00
 
 
 
Levert av ACOS AS