Skjorta_traktorjente(1).jpg
småverktøy Større skriftNettstadkartBilete frå GloppenUtskriftsvennelg versjon
 

Musikkterapi ved Gloppen kulturskule

Barn - musikk

Frå hausten 2010 vert musikkterapi ein del av kulturskulen sitt tilbod.

Det vert tilbod som er tilrettelagt for både born og vaksne, både i grupper og enkeltundervisning.

Søknadsfrist/påmeldingsfrist er 1. august 2010. Søknadskjema finn du her


Dette er tilboda innan musikkterapi på Gloppen kulturskule:

• Musikkterapi som SFO-tilbod til barn og unge med nedsett funksjonsevne - gruppe eller individuelt (Elev-kontingent)

• Musikkterapi som tradisjonelt kulturskuletilbod på ettermiddagstid til barn og unge med nedsett funksjonsevne. For barn i barnehage kan tilbodet gjevast på dagtid dersom foreldra ønskjer det. (Elevkontingent).

• Musikkterapi som kulturskuletilbod til vaksne med nedsett funksjonsevne (Elevkontingent). 

Skular og barnehagar kan kjøpe tenester frå kulturskulen dersom dei ynskjer musikkterapi inn som ein del av det ordinære skule- og barnehagetilbodet. 

Søknadsskjema finn du også på biblioteket, skular, barnehagar og i heimetenestene. 

På grunn av avgrensa musikkterapiressursar, er vi nøydt til å prioritere dei med størst behov.

Publisert av Siv Kvalsvik Haugen. Sist endra 09.06.2010
Kontakt oss
Gloppen kommune
Grandavegen 9
6823  Sandane
 
E-post : post@gloppen.kommune.no
 
 
Telefon : 57 88 38 00
Faks : 57 88 38 01
Org.nr. : 964 969 124
_
Opningstid : 08:00 - 15:00
 
 
 
Levert av ACOS AS