Skjorta_traktorjente(1).jpg
småverktøy Større skriftNettstadkartBilete frå GloppenUtskriftsvennelg versjon
Møtebøker og møteplan Sjå alle møtebøker for i årSjå alle møtebøker for i fjorMøteplan for kommunestyre, formannskap og utvala

Politisk organisering i valperioden 2007-2011

Gloppen kommune er politisk organisert etter den såkalla hovudutvalsmodellen. Dette vil seie at kommunestyret har lagt det daglege politiske ansvaret for drifta av kommunen til eigne utval, som er inndelte etter fagområde.

Politisk organisering denne valperioden (2007-2011), som varer fram til kommunestyrevalet i 2011:

Kommunestyret har 27 medlemar fordelt på parti slik: Senterpartiet - 13 representantar, Høgre - 4 representantar, Kristeleg Folkeparti - 3 representantar, Arbeiderpartiet - 3 representantar, Sosialistisk Venstreparti - 2 representantar, Framstegspartiet* - 1 representant (* Er no uavhengig representant) og Venstre - 1 representant. Sjå også lista over varafolk til kommunestyret!

 
Formannskapet er kommunen sitt plan- og økonomiutval, og dessutan hovudutval på saksområde som fell utanfor dei andre utvala sitt område

Gloppen desse hovudutvala:
- oppvekstutvalet med Solveig Moritsgård (Sp) som leiar
- helse- og omsorgsutvalet med Sigmund Vereide (Ap) som leiar
- teknisk, landbruk og kulturutvalet med Ola Toralv Holme (Sp) som leiar.

Kontrollutvalet blir leiar av Øystein Hellerud (uavhenging). Utvalet skal på kommunestyret sine vegner føre tilsyn med arbeidet til formannskapet, hovudutvala og administrasjonen.

I økonomi- og plansaker er hovudutvala underlagt formannskapet, som har 9 medlemmer. I andre saker er utvala direkte underlagt kommunestyret.

I tillegg til desse utvala har kommunen oppretta rådsorgana
- eldrerådet
- rådet for funksjonshemma
- ungdomsrådet

Publisert av Jan Kåre Fure. Sist endra 11.06.2010
Kontaktinformasjon
Gloppen kommune
Grandavegen 9
6823  Sandane
 
E-post : post@gloppen.kommune.no
 
 
Telefon : 57 88 38 00
Faks : 57 88 38 01
Org.nr. : 964 969 124
_
Opningstid : 08:00 - 15:00
 
 
 
Levert av ACOS AS