|
|
|
Kommunesamarbeid mellom Gloppen og Jølster
Det er sett i gong eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Gloppen og Jølster. Samarbeidet består av fire prosjekt, og det er etablert arbeidsgrupper for kvart av dei fire prosjekta.
Forprosjektperioden tek til i august og varer fram til desember 2010. Målet er å knyte sterkare band mellom kommunane, og støtte kvarandre rundt tema der ein møter dei same utfordringane.
Styringsgruppa for samarbeidsprosjektet er 3 politikarar frå kvar kommune: Jølster kommune: Gerd Dvergsdal, Judith Jenny Johanne Kapstad og Audun Høyvik Gloppen kommune: Anders Ryssdal, Sjur Atle Austrheim og Hege Lothe.
Dei fire prosjekta det skal samarbeidast om er:
- Fornybar energi "Småkraft i stor skala"
- Identitet og bulyst
- Reiseliv "Landet mellom breane "
- Verneområde og kulturlandskap
I forarbeidsperioden skal gruppene utarbeide ein arbeidsplan som inneheld
- framdriftsplan for arbeidet
- organisering av arbeidet
- arbeidsfordeling.
Rådmennene skal følge opp kvar sine to grupper:
Jølster kommune føl opp gruppene for: Fornybar energi og Bulyst. Gruppene skal rapportere til rådmannen i Jølster.
Gloppen kommune føl opp gruppene for: Reiseliv og Verneområde og kulturlandskap. Gruppene skal rapportere til rådmannen i Gloppen.
Publisert av
Siv Kvalsvik Haugen.
Ansvarleg
Marit Elisabeth Larssen.
Sist endra 15.07.2010
|
|
|
|
|
Kontakt oss
|
Gloppen kommune
|
|
Grandavegen 9
|
|
|
|
6823
Sandane
|
 |
|
Telefon
|
:
|
57 88 38 00
|
|
Faks
|
:
|
57 88 38 01
|
|
Org.nr.
|
:
|
964 969 124
|
|
|
|
Opningstid
|
:
|
08:00 - 15:00
|
|
|
|
|