BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.5029//EN
BEGIN:VEVENT
UID:248ba2d4-f712-462a-e894-8c5ab5a95c77
SUMMARY:VINTERSONG - Sigrid Moldestad & HazeliusHedin
DESCRIPTION:Dei siste åra har den funne si form med svenskane Esbjörn Hazelius og Johan Hedin, to av Sveriges største folkemusikkprofilar. I desember har desse tre konsertar i både Norge og Sverige, og i 2025 gav dei ut det felles julealbumet Vinternatt , med songar og melodiar dei har gjort til sine gjennom åra på vegen. Vintersong kan best skildrast som eit musikalsk julekort frå den nordiske vinternatta. Her møtest norske og svenske juletradisjonar, gamle folketonar og salmar med eigne viser og instrumentalmusikk. Nokre songar inviterer til julefest og smil, andre til ro og ettertanke. Med song, gitar, cittern, fele, hardingfele og nyckelharpe tek trioen publikum med på ei gnistrande, stjerneklar ferd gjennom mørketida. Hardingfela og nyckelharpa gjev konserten ein særeigen nordisk klang, og mellom songane er det rom for både forteljingar, humor og alvor. Sigrid Moldestad er ein av Noregs profilerte folkemusikarar og låtskrivarar, kjend for sitt personlege møte mellom folkemusikk, viser og historieforteljing. Den svenske duoen HazeliusHedin – Esbjörn Hazelius og Johan Hedin – har sidan 2008 markert seg med sitt tette samspel, sterke songar og meisterlege spel på mellom anna gitar, cittern, fele og nyckelharpe. Saman skaper dei tre eit varmt og leikent møte mellom norsk og svensk folkemusikk – og mellom julefest og julehøgtid. Sigrid Moldestad – song, hardingfele og fele Esbjörn Hazelius – song, gitar, cittern og fele Johan Hedin – nyckelharpe og song Her kan du kjøpe billett!
DTSTART:20261202T180000Z
DTEND:20261202T193000Z
LOCATION:Breim kyrkje
SEQUENCE:0
CREATED:20260923T113918Z
DTSTAMP:20261107T171029Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
