BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.5029//EN
BEGIN:VEVENT
UID:0b266a90-dc2c-e237-94d3-71a62dd8c3f2
SUMMARY:Caravaggio (Exhibition on Screen)
DESCRIPTION:Etter fem år med arbeid er dette den mest omfattande filmen som nokon gong er laga om denne banebrytande kunstnaren. Med førstehandsvitnemål frå kunstnaren sjølv, like før han forsvann under mystiske omstende, avdekkjer filmen sider ved Caravaggio som aldri før har kome fram. Med meisterverk på meisterverk og bidrag frå leiande ekspertar frå heile verda tek filmen publikum med inn i dei løynde historiene bak livet til kunstnaren – og set saman spora som ligg gøymde i den utrulege kunsten hans. Meisterverka til Caravaggio høyrer til dei mest attkjennelege i kunsthistoria. Ingen andre har nytta hans særeigne blanding av dramatisk lys, rå naturalisme og dristige, slåande figurar. Dei forbløffande måleria har trollbunde publikum i hundrevis av år. Men bak dei ligg eit endå djupare mysterium – eit mysterium som framleis lokkar oss til å grave djupare. Kva fortel desse meisterverka om mannen bak penselen? Dei fascinerande sjølvportretta i verka hans – somme gonger forkledde, andre gonger heilt tydelege – gjev eit sjeldsynt innblikk i sinnet hans og dei indre kampane hans. Bli med når vi nøstar opp historia om ein av dei mest geniale, samansette og omstridde personane i historia. Billettar finn du her
DTSTART:20261209T103000Z
DTEND:20261209T122000Z
LOCATION:Kinosalen i Trivselshagen
SEQUENCE:0
CREATED:20261030T074309Z
DTSTAMP:20261106T225355Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
