BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.5029//EN
BEGIN:VEVENT
UID:f734e0da-950a-1d15-671b-febd004af9e9
SUMMARY:Romjulscup på Sandane
DESCRIPTION:STIL Fotball inviterer til den tradisjonsrike Romjulscupen 2. juledag i Trivselshallen på Sandane. B-laget vårt står for arrangementet og håpar å fylle hallen med speleglede, god stemning og mange lag! Samle familie, vener, kollegaer eller gamle lagkameratar og bli med! Dette er ei uhøgtideleg turnering for alle frå fylte 15 år – anten du spelar fotball til vanleg, har lagt skoa på hylla eller aldri har rørt ein ball. Det viktigaste er å møtast og ha det moro i romjula. Svigermors Draum vann open klasse i fjor og har vore ei hard nøtt å knekke dei siste åra. Blir 2026 året nokon dyttar dei ned frå trona? I fjor var nesten 20 lag med. I år håpar vi på endå fleire – særleg jenter og damer! Er de ein stor gjeng, kan de gjerne dele dykk i to lag. Då blir det meir speletid på alle og fleire lag å møte. Berre sjå på Gast og Rabbagast frå Breimsbygda, som har vore med i mange år! 26. desember (2. juledag) frå kl. 10.00–15.00 i Trivselshallen på Sandane. Alle spelarar må ha fylt 15 år Påmeldingsavgift: 1 000 kr per lag Vi spelar i to klassar: Open klasse – for herrelag og mix-lag. Dameklasse – for reine jente- og damelag. Alle lag må stille med dommar til kampar der dei ikkje spelar sjølve. Dommaroppgåvene blir fordelte i kampoppsettet. Meld på laget her innan søndag 20. desember kl 23.00 Vil du heller heie frå tribuna? Du er hjarteleg velkomen – det er gratis inngang for publikum! Kiosken er også open.
DTSTART:20261226T090000Z
DTEND:20261226T140000Z
LOCATION:Trivselshallen
SEQUENCE:0
CREATED:20261030T094635Z
DTSTAMP:20261107T175237Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
