Senioruniversitetet: Sallie Anna Pisera

  • Kultur

Senioruniversitetet: Sallie Anna Pisera

Dato

Onsdag 25. november 2026

Tidspunkt

kl. 11.30 - 12.30

Stad

Kinosalen i Trivselshagen

Last ned kalenderfil (.ics)

Museumsleiaren ved Sunnfjord Museum, Sallie Anna Pisera, presenterer utvandringa frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn til USA og Canada gjennom historier om norsk-amerikanske musikarar og komikarar med bakgrunn i gamle Sogn og Fjordane fylke. 

Du møter komikarar som underheldt publikum i norske samfunn i storbyane Chicago og Minneapolis, og du fer heile vegen til Stillhavkysten for å bli kjent med felespelarar og dansarar som tok musikken med seg på sine reiser. Utvandrarar som reiste på 1800- og 1900-talet arbeidde hardt for å klare seg i dei nye heimane sine og etablere seg i nye samfunn. Men korleis slappa dei av etter lange dagar på farmen eller i fabrikken? Korleis takla dei med humør utfordringane dei møtte med ukjent språk og skikkar? Kva fekk utvandrarane til å spele og synge, danse og le – og korleis kan slike innsikter hjelpe oss å forstå utvikling av innvandrarsamfunn i fortida og i notida? Slike spørsmål skal vi undersøkje i dette føredraget i senioruniversitetet onsdag 28. oktober.

Billettar finn du her

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Senioruniversitetet

Om staden

Namn

Kinosalen i Trivselshagen

Adresse
Firdavegen 21
6823 Sandane
Til toppen