Frå ein vanskeleg oppvekst som lausunge på Blakset i Nordfjord til eit liv som skipskommandør i den amerikanske marinen, fortel historia om mot, pågangsvilje og sterk kjærleik til heimbygda.
Med forteljar Arne M. Sølvberg, trekkspelsolist Håvard Svendsrud og Ensemble NordLys får publikum oppleve ei unik blanding av forteljing, bilete og musikk – frå folketonar og viser til jazz og klassiske innslag.
Velkomen til ei unik kultur- og konsertoppleving.
Sikre deg billett og bli med på ein minneverdig kveld 12.november i Breim Kyrkje!