Humorgalla

  • Kultur

Humorgalla

Dato

Fredag 26. februar 2027

Tidspunkt

kl. 20.00 - 21.30

Stad

Kultursalen i Trivselshagen

Last ned kalenderfil (.ics)

Fredag 26. februar 2027 tek dette firkløveret med seg mikrofonane og gjer seg klare til å underhalde publikum i  Trivselshagen.

Javad El Bakali er forfattar og komikar frå Haugenstua i Oslo. Javad er best kjend som utlending.memes på Instagram og TikTok, og som ein del av det faste ensemblet i «Humoretaten» på NRK. I 2022 vann han Humorprisen i kategorien «Morsomste på nett». Han er òg aktuell med podkasten «Javad & Jørgen».

Nora Svenningsen er ein kjend norsk humorist og standupkomikar. Ho vann prisen for Årets humorspire under Humorprisen i 2023 og er eit kjent namn på den norske humorscena. Mange kjenner henne òg frå TV-program som «Kongen befaler» og «Ikkje lov å le på hytta». I april 2027 er ho aktuell med sitt første soloshow på Christiania Teater i Oslo. Fleire av framsyningane er alt utselde, og showet blir følgt opp med turné.

Jørgen EP er kanskje aller best kjend som ein av skaparane, manusforfattarane og skodespelarane bak den Gullruten-nominerte humorsuksessen «Hvite gutter» på TVNorge. Der spelte han rolla som Mathias gjennom fem sesongar. Han er òg aktuell som Kjetil i komiserien «Bausjen», og kvar veke kan du høyre han i den populære podkasten «Gutta Backer», saman med resten av gjengen frå «Hvite gutter». Jørgen er ein komikar med treffsikker timing, skarp observasjonshumor og personlege anekdotar.

Henrik Bjørnson er ein komikar full av sjarm, energi og inkluderande humor. Han har underhalde på små og store standupscener i 15 år og er eit fast innslag på Klubbscena til Latter, både som standupkomikar og konferansier. Saman med Halvor Johansson og Olav Svarstad Haugland har han i sju år vore programleiar for den populære morgensendinga «Stå Opp» på Radio Rock.

Gjer deg klar for høg energi, skarpe poeng og ei stemning du seint vil gløyme.

Billettar finn du her

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Kulturhuset Trivselshagen

Om staden

Namn

Kultursalen i Trivselshagen

Adresse
Firdavegen 21
6823 Sandane
Til toppen