Elevane har som vanleg vore med på den kreative prosessen. Dei har kome med musikkforslag, laga eigne koreografiar, delteke i kreative prosessar rundt bevegelse, øvd på å synge fleirstemt og på å slå ulike rytmar medan ein syng. Elevane har vore med å lage rekvisittar og element som skal brukast som dekor på scena under framsyninga.
Vi har hatt workshop og felles øvingar og har jobba fram ei framsyning som skal spegle kjensla av haust og vinter. Véret har ein sentral plass og vi kan garantere at det vert både regn, snø og nordlys. Det vert song og dans, futt og fart, paraplyar og støvlar, eit lite snev av jul og tid og rom til ettertanke på vegen inn i mørketida.
Denne gongen har vi vore så heldige å få samarbeide med Arild Hafsås som har gitt oss tilgang på ei mengde nydelege bilete som ein kan sjå undervegs i framsyninga.
Velkomne til ei lun framsyning i kultursalen torsdag 12. november kl. 18.00.
Billettar finn du her