Julenissens verksted

  • Gjentakande aktivitet
  • Kino

Julenissens verksted

Dato

Lørdag 7. november 2026

Tidspunkt

kl. 12.00 - 13.25

Stad

Kinosalen i Trivselshagen

Last ned kalenderfil (.ics)

Bli med på ei eventyrleg reise på jakt etter Julenissens verkstad – ein film for heile familien, fylt med humor, kjende songar, ekte julestemning og ein julebodskap som vil varme i vinterkulda.

Då ni år gamle Mari vaknar ei natt og oppdagar ein nisse på soverommet sitt, blir det starten på eit juleeventyr utanom det vanlege. Med ein gjenglemd nissevott som einaste spor legg ho, farmor og ein svært skeptisk pappa ut på ei eventyrleg ferd for å finne julenissen, medan eigaren av votten, nissen sin vesle hjelpar Stompen, gjer alt han kan for å stanse dei. For Julenissens verkstad kan nemleg ikkje bli oppdaga – det ville vore ein katastrofe!

Ferden går gjennom skog, hei og vakre vinterlandskap. Men utfordringane er mange – dei må òg forbi skogens vaktar, Kjerringa med staven, og kjempe seg gjennom ein frykteleg snøstorm.

Reisa er ikkje berre spennande – ho opnar òg auga til familien for kvarandre, og til slutt innser dei kva den verkelege magien i jula er.

Gjer deg klar for årets julefilm for heile familien, stappfull av julestemning og kjende songar av Thorbjørn Egner, som «Kaptein Sorte Bill», «Dyrene i Afrika» og «Det snør det snør» – framførte av nokre av landets fremste artistar, mellom andre Sissel Kyrkjebø.

Billettar finn du her

Dagar aktiviteten går føre seg

November

  • 07.11.2026
  • 08.11.2026
  • 15.11.2026

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Om staden

Namn

Kinosalen i Trivselshagen

Adresse
Firdavegen 21
6823 Sandane

Om arrangementet

Pris vaksen
150
Pris ungdom
120
Aldersgrense
0
Regi
Rasmus A. Sivertsen og Mette Tange
Sjanger
Familiefilm, Barnefilm, Animasjon
Nasjonalitet
Norge
Varighet
01:15
Skodespelarar
Sissel Kyrkjebø, Hennie Vanay-Almaas, Lene Kongsvik, Jan Gunnar Røise, Victor Sotberg, Christopher Robin Omdal, Robin Hofset, Herborg Kråkevik, Ivar Nørve, Gisken Armand
Pris born
110
Til toppen