Gloppen Hotell er 160 år

  • Hending

Gloppen Hotell er 160 år

Dato

Søndag 15. november 2026

Tidspunkt

kl. 13.00 - 16.00

Stad

Gloppen hotell

Last ned kalenderfil (.ics)

I år er det 160 år sidan det vart gitt løyve til å drive hotell på Sandane. Det vil vi sjølvsagt feire, og vi håpar du vil vere med! 

Søndag 15. november inviterer vi til ope hus på hotellet kl. 13:00.
Denne dagen kan du stikke innom for ein kopp kaffi og eit kakestykke, bli med på omvisning og oppleve historia i dei gamle, ærverdige veggene våre.

Ove Eide kjem og tek oss med tilbake i tid, og formidlar den spennande historia til Gloppen Hotell på sin heilt særeigne og gode måte. Her blir det gode historier, lokal historie og kanskje nokre overraskingar undervegs!

Vi ønskjer både gamle og nye gjester, sambygdingar og andre historieinteresserte hjarteleg velkomne til ei triveleg stund hos oss.

Dato: Søndag 15. november 2026

13:00 - Kake og kaffi.
13:15 - Ove Eide fortel om historia (ca. 1 time).
14:30 - Omvisning i lokaler og på rom.
Stad: Gloppen Hotell, Sandane
Gratis inngang – inga påmelding nødvendig!

Kom innom og feir 160 år med historie, vertskap og gode opplevingar saman med oss. Vi gler oss til å sjå deg! 

Velkomen til Gloppen Hotell – 160 år med historie.

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Gloppen hotell

Adresse
Sørstrandsvegen 16
6823 Sandane
Til toppen