Olav Stedje, Odd-Erik Lothe og Finn Tokvam har slått saman musikken, historiene og humoren sin i eit prosjekt med røtene godt planta på Vestlandet. Her dukkar både Balestrand, Vadheim, Nordfjord, Sogn og Kjølsdalen opp – men du treng slett ikkje vere vestlending for å kjenne deg igjen.
For bak stadsnamna ligg historiene om oppvekst og tilhørighet, kjærleik og lengsel, menneske ein har møtt og stedar ein aldri heilt blir ferdig med.
Brorparten av songene er skrivne av Odd-Erik Lothe og Finn Tokvam, ispedd deira eigne gjendiktningar av klassikarar som Wichita Lineman og Galveston.
Og mellom songene? Der finn du Finn Tokvam – med dei lune, skrå og humoristiske betraktningane som berre Finn Tokvam kan levere.
Olav Stedje – vokal og gitar
Odd-Erik Lothe – vokal og gitar
Finn Tokvam – vokal, skjemt og trommer
Halvor Folgerø - bass og kor
Summetonar er viser, historier, humor og alvor – og kanskje nokre minner du ikkje visste at du hadde.
Billettar finn du her