Sist endra av kommunestyret den 2. november 2015 i sak 68/15
I: Heimel og val
§ 1-1 Heimel
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne er oppretta i medhald av § 2 i lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne.
§ 1-2 Val og samansetting
Val av råd for menneske med nedsett funksjonsevne skal som hovudregel gjerast på konstituerande kommunestyremøte.
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne er samansett av fem medlemmer som er valde av kommunestyret for den kommunale valperioden. Fire av medlemmene, med eit nødvendig tal varamedlemmer skal veljast etter framlegg frå lag og organisasjonar i Gloppen som representerer personar med nedsett funksjonsevne. I tillegg er varaordføraren med i rådet, med leiaren i oppvekstutvalet som vara.
Dersom eit medlem fell frå eller blir løyst frå vervet, rykkjer vedkommande vararepresentant opp som medlem, og ny varamedlem blir valt.
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne vel sjølv leiar og nestleiar mellom brukarrepresentantane i rådet.
II: Arbeidsområde
§ 2-1 Arbeidsområde
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevneer eit rådgjevande organ for kommunen, og skal behandle saker som gjeld levekåra for folk med nedsett funsksjonsevne, jfr elles § 1 i lova om representasjonsordninga.
Rådet kan på eige initiativ ta opp saker, men skal ikkje behandle saker som gjeld tilbodet til enkeltpersonar (klientsaker).
III: Møteavvikling, saksbehandling og sekretariat
§ 3-1 Møteavvikling, saksbehandling og innsyn1
Saksbehandlinga i rådet for menneske med nedsett funksjonsevne skal følgje reglane i kommunelova kap. 6. I tillegg gjeld eige reglement for saksbehandling og innsyn for folkevalde organ i Gloppen.
§ 3-2 Godtgjersle
Medlemmene i rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har rett til godtgjersle etter eigne reglement for godtgjersle til folkevalde i Gloppen.
§ 3-3 Sekretær
Rådmannen, eller den ho/han peikar ut, er sekretær for rådet for fmenneske med nedsett funksjonsevne, og har møteplikt og møte-, tale- og forslagsrett på rådet sine møte. Rådmannen er ansvarleg for at ei sak er tilstrekkeleg utgreia, at det ligg føre tilråding i saka viss rådet for fmenneske med nedsett funksjonsevne ber om det og at rådet sine vedtak blir iverksette.
IV: Iverksetting m m
§ 4-1 Iverksetting
Dette reglementet gjeld frå vedtaksdato. Frå same tidspunkt blir rådet for funksjonshemma sitt reglement som vart vedteke den 25. februar 2008 oppheva.
§ 4-2 Endringar i reglementet
Endringar i dette reglementet skal gjerast av kommunestyret sjølv etter at rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har uttalt seg.