Om Gloppen ungdomsskule

Ungdomsskule 8.-10. klasse

Tal elevar: 201 skuleåret 2026-2027

Tal tilsette: ca 40 stk

Elevane våre kjem frå Breim, Nordstranda og Sandane skule. Dei er blanda i tre klassar på kvart trinn. Ved Gloppen ungdomsskule skal elevane kjenne seg trygge og inkluderte og oppleve meistring i eit mangfaldig læringsmiljø.

Vi har stor nytte av samarbeid med ulike lokale bedrifter, organisasjonar og vidaregåande skule i arbeidet med å gjere skulen meir praktisk. Blant anna har vi tema med aktivitet og foredrag, hospitering på vidaregåande skular og utplassering i bedrifter. På den historiske garden Karnils får elevane praktisere bl.a eldre jordbruksskikkar og dyrking av grønnsaker.

Skulen har også lesing som eit satsingsområde. I skuleåret 2026-2027 er «lesekvarten», det vil seie eit kvarter lesing i valfri bok kvar dag, innført i alle klassane.