Utgått bevis
Når eit parkeringsløyve er utgått på dato skal det blå beviset leverast inn til servicetorget.
Utdaterte kort blir ugyldige i det nasjonale HC-registeret til Statens vegvesen.
Dersom ein framleis har behov, må ein søkje om fornying.
Slik søkjer du
Søk digitalt Logg inn med ID-porten
Opne søknadskjermaet og velg fornying. Dette er eit mykje enklare skjema enn det ordinære skjemaet.
Når vi vurderer søknad om fornying går vi tilbake til den ordinære søknaden og vedtaket som vart gjort. Dersom vi har behov for ytterlegare opplysningar tek vi kontakt og etterspør dette.
Passfoto
Vi treng nytt passfoto til det nye beviset dersom søknaden vert innvilga.