Kva bør du alltid ha i heimen?
Har du alt du treng for å klare deg sjølv i ei veke?
DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) anbefaler at alle husstandar i Noreg tek nokre enkle grep for å betre sin eigenberedskap. Dei har utarbeidd konkrete råd for alle innbyggjarar . Her finn du blant anna forslag til eit beredskapslager for å klara seg heime i minst ei veke.
Sjekkliste for eigenberedskap
Under finn du døme på ting det er lurt å ha heime. Du bør med jamne mellomrom gå gjennom behova dine og oppdatere lageret ditt. Hugs at det er fint og smart å samarbeide med familie, vennar og naboar om eigenberedskap.
Mat og vatn
- Reint drikkevatn lagra på dunkar eller flasker.
- Mat som toler å bli lagra
romtemperatur. - Grill, kokeapparat eller stormkjøken.
- Ekstra gassbehaldar eller brennstoff.
- Mat og vatn til kjæledyr.
- Litt kontantar og fleire betalingskort.
Informasjon
- DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller.
- Batteri og opplada batteribank.
- Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer og nummera til legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar.
Varme og lys
- Varme klede og pledd, dyner eller soveposar.
- Fyrstikker og stearinlys.
- Ved – dersom du har vedomn eller peis.
- Gass- eller parafinomn som er berekna på bruk innandørs.
- Avtale om overnatting.
- Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller.
Legemiddel og hygiene
- Legemiddel og førstehjelpsutstyr.
- Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande).
- Hygieneartiklar i form av våtserviettar, handsprit, bleier, toalettpapir, bind og tampongar.
Bruk tid - les informasjon
Vi anbefalar at du brukar litt tid på nettsidene til DSB , les meir om eigenberedskap, sjå kva du bør ha heime, få gode råd og test kor godt førebudd du er utan mobilnett og internett.
Ver kildekritisk
Pass på at informasjonen du får er til å stole på.
Kommunal beredskap - finn informasjon
Jodtablettar ved atomhendingar
Gå til informasjon om jodtablettar i eigenberedskapen