Marint naturmangfald ved Holmen i Hyefjorden
Simon Duffner Heffernan/Ask Sivsønn Gulden (Norconsult Norge AS)
Resultatet frå kartlegginga skal gje oss eit oppdatert og fagleg robust kunnskapsgrunnlag om naturmangfaldet i dei grunne områda i fjorden, som kan brukast i kommunen si arealforvaltning.
Norconsult har vore engasjert for å gjennomføre kartlegginga, som er gjort i samsvar med Miljødirektoratet sine instruksar for kartlegging av marine naturtypar etter Natur i Norge-systemet (NiN 3.0). Undersøkingsområda strekte seg frå fjøresona og ned til 20 m djupne, og i tillegg ned til 30 m djupne innanfor fuglefredningsområdet Bukta.
I alt blei 36 lokalitetar avgrensa og kvalitetsvurdert. Registrerte naturtypar omfattar ålegrasbunn (18lokalitetar), tangsamfunn (6 lokalitetar), blåskjellbunn (1 lokalitet), tidevannsmudderflate (6 lokalitetar),sublitoral grunn sandbunn (2 lokalitetar) og litoral bergvegg (3 lokalitetar).
Alle kartlagde flater er overlevert Miljødirektoratet, og vil etter kvart vere tilgjengeleg i det offentlege kartsystemet Naturbase.
Rapporten frå kartlegginga kan du lese her:
Marin naturkartlegging i Gloppen (Norconsult, 2026) (PDF, 4 MB)
Ålegraseng ved Holmen i Hyefjorden
Simon Duffner Heffernan/Ask Sivsønn Gulden (Norconsult Norge AS)