VINTERSONG - Sigrid Moldestad & HazeliusHedin

  • Konsert

VINTERSONG - Sigrid Moldestad & HazeliusHedin

Dato

Onsdag 2. desember 2026

Tidspunkt

kl. 19.00 - 20.30

Stad

Breim kyrkje

Last ned kalenderfil (.ics)

Tre av Nordens markante folkemusikarar møtest når Sigrid Moldestad og den svenske duoen HazeliusHedin inviterer til Vintersong – ein julekonsert med varme, ljos, sterke historier og eit heilt eige nordisk lydbilete. I år kjem dei endelig "heim til Breim" med konserten som Sigrid starta med i 2011. 

Dei siste åra har den funne si form med svenskane Esbjörn Hazelius og Johan Hedin, to av Sveriges største folkemusikkprofilar.  I desember har desse tre konsertar i både Norge og Sverige, og i 2025 gav dei ut det felles julealbumet Vinternatt, med songar og melodiar dei har gjort til sine gjennom åra på vegen.

Vintersong kan best skildrast som eit musikalsk julekort frå den nordiske vinternatta. Her møtest norske og svenske juletradisjonar, gamle folketonar og salmar med eigne viser og instrumentalmusikk. Nokre songar inviterer til julefest og smil, andre til ro og ettertanke.

Med song, gitar, cittern, fele, hardingfele og nyckelharpe tek trioen publikum med på ei gnistrande, stjerneklar ferd gjennom mørketida. Hardingfela og nyckelharpa gjev konserten ein særeigen nordisk klang, og mellom songane er det rom for både forteljingar, humor og alvor.

Sigrid Moldestad er ein av Noregs profilerte folkemusikarar og låtskrivarar, kjend for sitt personlege møte mellom folkemusikk, viser og historieforteljing. Den svenske duoen HazeliusHedin – Esbjörn Hazelius og Johan Hedin – har sidan 2008 markert seg med sitt tette samspel, sterke songar og meisterlege spel på mellom anna gitar, cittern, fele og nyckelharpe.

Saman skaper dei tre eit varmt og leikent møte mellom norsk og svensk folkemusikk – og mellom julefest og julehøgtid.

Sigrid Moldestad – song, hardingfele og fele
Esbjörn Hazelius – song, gitar, cittern og fele
Johan Hedin – nyckelharpe og song

Her kan du kjøpe billett!

 

 

 

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Breim kyrkje

Adresse
Kyrkjevegen 42
6827 Breim
Til toppen