STIL Fotball inviterer til den tradisjonsrike Romjulscupen 2. juledag i Trivselshallen på Sandane. B-laget vårt står for arrangementet og håpar å fylle hallen med speleglede, god stemning og mange lag!
Samle familie, vener, kollegaer eller gamle lagkameratar og bli med! Dette er ei uhøgtideleg turnering for alle frå fylte 15 år – anten du spelar fotball til vanleg, har lagt skoa på hylla eller aldri har rørt ein ball. Det viktigaste er å møtast og ha det moro i romjula.
Svigermors Draum vann open klasse i fjor og har vore ei hard nøtt å knekke dei siste åra. Blir 2026 året nokon dyttar dei ned frå trona?
I fjor var nesten 20 lag med. I år håpar vi på endå fleire – særleg jenter og damer! Er de ein stor gjeng, kan de gjerne dele dykk i to lag. Då blir det meir speletid på alle og fleire lag å møte. Berre sjå på Gast og Rabbagast frå Breimsbygda, som har vore med i mange år!
26. desember (2. juledag) frå kl. 10.00–15.00 i Trivselshallen på Sandane.
- Alle spelarar må ha fylt 15 år
- Påmeldingsavgift: 1 000 kr per lag
- Vi spelar i to klassar:
Open klasse – for herrelag og mix-lag.
Dameklasse – for reine jente- og damelag. - Alle lag må stille med dommar til kampar der dei ikkje spelar sjølve.
Dommaroppgåvene blir fordelte i kampoppsettet.
Meld på laget her innan søndag 20. desember kl 23.00
Vil du heller heie frå tribuna? Du er hjarteleg velkomen – det er gratis inngang for publikum!
Kiosken er også open.