Digital post frå helsestasjon og skulehelsetenesta

Helsestasjonen og skulehelsetenesta har no gått over til å sende ut brev frå tenesta digitalt. Det betyr at brev frå oss heretter kjem til di digitale postkasse. 

Timeavtalar med oss vert sendt gjennom HelseNorge

Gloppen kommune ynskjer at digital post skal vere eit fyrsteval for innbyggjarane våre. Digital post er trygt, og du mottek posten din mykje raskare, 

Korleis finn vi fram til deg?

Informasjon om privatpersonar vert henta frå Folkeregisteret.  Medan din kontaktinformasjon (mobilnummer og e-post) vert henta frå det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. Gå til Norge.no for å sjekke eller oppdatere din kontaktinformasjon

Digital postkasse eller ikkje?

Utan digital poskasse blir digital post sendt til Altinn, som varslar deg når du har fått post. 

Har du digital postkasse frå Digipost eller e-Boks kjem breva dine hit.