Eigenberedskapsveka

Kva gjer du dersom mobilnett og internett sviktar? – dette er tema for eigenberedskapsveka 2026

Kontaktpunkt i Gloppen kommune

I ein større krisesituasjon med langvarig bortfall av straum og kommunikasjon har Gloppen tre faste punkt der innbyggjarane våre kan kome i kontakt med kommune og nødetatar dersom akutt behov oppstår. 
Sandane: Gloppen omsorgssenter, 
Breim: Breim skule
Hyen: Hyen brannstasjon

Dei som har jaktradio kan stille denne inn på Jakt1 – så vil ein kunne komme i kontakt med kommunen.

Kvar finn eg informasjon frå myndighetene?

NRK P1 er beredskapskanalen som skal sikre informasjon til publikum.

Ved akutt situasjon kan du få eit nødvarsel til din mobiltelefon. 

Viktige råd

DSB og Nkom (nasjonal kommunikasjonsmyndigheit) har laga enkle råd som gjer det lettare å få viktig informasjon og halde kontakt med andre
-    Skaff deg ein DAB radio (som går på batteri, solcelle eller sveiv)
-    Ver ein beredskapsvenn
-    Lad opp batteribank og utstyr
-    Vurder abonnement på ulike mobilnett
-    Finn ut om du kan kommunisere over wifi med telefonen din

Kan du klare deg sjølv i ei veke?

Norske styresmakter rår til at alle har eigenberedskap nok til å klare seg sjølv i ei veke. Det er fordi kommunar og naudetatar må prioritere dei som ikkje klarar seg utan hjelp i ei krise. 

Bruk tid og les informasjon

Vi anbefalar at du brukar litt tid på nettsidene til DSB , og les meir om eigenberedskap, sjå kva du bør ha heime, få gode råd og teste kor godt førebudd du er utan mobilnett og internett. 

Ver kildekritisk

Pass på at informasjonen du får er til å stole på. 
Kommunal beredskap  - finn informasjon