Folkehelseundersøkinga i Vestland

 I mai vart mange glopparar bedt om å delta i folkehelseundersøkinga i Vestland, og no har vi fått resultatet.
 

Gloppen hadde ein svarprosent på 32,2, som er litt høgare enn i Vestland samla. Undersøkinga viser gode tal for Gloppen! 

På desse områda scorer Gloppen best i heile Vestland, og betydeleg betre enn gjennomsnittet:

  • Trivsel i nærmiljøet 
  • Tilgang til kulturtilbod 
  • Tilgang til idrettstilbod 
  • Tilgang til natur- og friluftsområde 
  • Vi har størst andel som deltek i aktivitetar eller frivillig arbeid 
  • Vi scorar nest best etter Sogndal på del av befolkninga som er fysisk aktive minst 30 minutt, fire eller fleire dagar i veka.
     

Nokre områder scorer vi mindre bra på. Vi langt mindre nøgd med offentleg transport og opplever dårlegare tilgang til gang- og sykkelvegar enn gjennomsnittet i Vestland . Vi er også den kommunen der innbyggarane drikk mest saft og brus med sukker! 

Heile undersøkinga kan du sjå her