Innbyggjarane har rett på lik informasjon.
Den viktigaste informasjonskanalen til Gloppen kommune har vore, og skal i framtida vere, nettsida vår. Det er til nettsida du skal gå for å finne riktig informasjon som du kan stole på. Det er her du skal finne nyheiter, kunngjeringar, høyringar, informasjon om tenestene våre for å nemne noko.
Nettsida vår eig og forvaltar vi, sjølve. Her har vi kontroll over innhald, personvern og tilgjengeligheit.
Kvifor ikkje Facebook?
Gloppen kommune har mange følgjarar på Facebook. Og vi set stor pris på at så mange har valgt å følgje oss der. Facebook er også noko dei aller fleste har og brukar.
Endringar i Meta sine plattformar, deriblant Facebook, gjer dei stadig mindre eigna som kanal for offentleg informasjon. Nokre grunnar til det er:
- Det er algoritmar, ikkje Gloppen kommune, som avgjer kven som får sjå innhald som vi publiserer ut. Vi risikerer at viktig informasjon berre når ut til enkelte grupper i befolkninga, mendan andre ikkje ser det.
- Mengda svindel, falske profilar og KI-generert innhald aukar i høgt tempo. Noko som kan gjere det vanskelig å vite kva informasjon ein kan stole på.
- Meta-plattformane byggjer på omfattande innsamling av brukardata
- Meta har innført av betaling for Facebooksider som deler meir enn to lenker i månaden. Nettopp dette har vore viktig for vår bruk - å lose innbyggjarane inn til informasjon på kommunal nettside, stillingsutlysingar mm. Gloppen kommune kjem ikkje til å betale til Meta for å dele lenkar.
- Nye vilkår er varsla i november, der mellom anna Meta krev at næringslivskundar (som oss) må godta uthenting av informasjon, såkalla “skraping”, frå heimesidene og anna innhold assosiert med Gloppen kommune, til deira eige bruk.
Alt i alt er dette punkt som gjer at Gloppen kommune er usikre på om vi vil vere med på laget lenger.
Hudd
I fyrste omgang har vi bestemt oss for å teste ut plattformen Hudd.no.
Hudd er eit nordisk sosialt nettverk, som ikkje er knytt til Meta. "Hudd" er ei fornorsking av hood, som i neighborhood, -på norsk nabolag. Hudd liknar Facebook, men har eit meir lokalt fokus.
Vi ber innbyggarane våre følgje oss over til Hudd. Last ned appen, og lag ein brukar om du ikkje alt har ein! I innhaldskategoriar kan du hake av for Gloppen. Då vil du få opp innhald frå andre innbyggarar og organsiasjonar i Gloppen, deriblant Gloppen kommune.
Andre alternativ?
Vi må bruke tida framover til å vurdere kva digitale løysingar som kan gjere det enklare for innbyggarane våre å finne informasjon, halde seg oppdatert og ha kontakt med kommunen. Vi ser på ulike løysingar som Innbyggarapp, eigen PWA . Det som er sikkert er at vi treng litt tid til å gjere vurderingar av kva som vil vere det beste for Glopparane.
Målet er ikkje å gjere informasjon mindre tilgjengelig, men tvert i mot å sikre at viktig informasjon frå kommunen er lett å finne, trygg å bruke, og tilgjengelig for alle.