Gloppen har gode kommunale tenester og det er mykje å glede seg over. Trygge lokalsamfunn, rikt tilbod av aktivitetar for barn, unge og vaksne, eit aktivt kulturliv, eit næringsliv i positiv utvikling og gode kommunale teneste spelar på lag. Dette syner igjen på god folkehelse, høg levealder, relativt små sosiale skilnader og gode resultat i samanlikningar med andre kommunar.
Gloppen kommune, til liks med kommunesektoren forøvrig, har også utfordringar. Fleire eldre, mangel på arbeidskraft og aukande kostnader krev tydelege prioriteringar. Budsjettet prioriterer tidleg innsats for barn og unge, lesing og praktisk læring, og vidareutvikling av helse- og omsorgstenestene. Vedlikehald av kommunale bygg og vegar vert vidareført. Høgare kraftinntekter og folketalsvekst bidreg positivt, medan høge renteutgifter og aukande tenestebehov pressar økonomien.
Økonomiplanen for 2027–2030 viser ei gradvis betring, men kommunen må byggje opp økonomiske reservar og førebu seg på store investeringar innan omsorg, kommunale tenestebygg og skule. Dette krev varsam pengebruk og vilje til å prioritere.