Kunngjering av planvedtak - Detaljregulering for Evebø

Gloppen kommunestyre vedtok detaljregulering for Evebø i møte den 28. oktober 2026.

KOM- 079/26 Vedtak

Gloppen kommunestyre vedtek detaljregulering for Evebø, plan-ID 201902, med heimel i plan- og bygningslova § 12-12. Administrasjonen får høve til å gjere eventuelle redaksjonelle endringar i plandokumenta før vedtaket blir kunngjort.

 

Reguleringsplan for Åsen gbnr. 77/15, plan-ID 198701, blir samtidig oppheva og erstatta av ny plan.

Vedtaket var samrøystes.

Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området. 

Grunneigarar, naboar og andre direkte påverka blir varsla ved brev, og planvedtaket vil bli kunngjort i Firda Tidend.

Saksdokument

Vedtaket og saksdokumenta kan du finne her: 

Møte i kommunestyret 28.10.2026 sak 079/26

Dei vedtekne plandokumenta vil innan kort tid vere tilgjengelege i kommunen sitt digitale planregister og kartløysing på nett: Planregister for Gloppen kommune

Eventuell klage

Vedtaket kan klagast på til Statsforvaltaren. Fristen for å klage er tre veker frå melding om vedtaket er kome fram til vedkomande part, jf. forvaltningslova § 29. 

Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven, og skal sendast til Gloppen kommune via sikker digital post (eDialog), per e-post til postmottak@gloppen.kommune.no, eller per post til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane.