Parkeringsløyve for rørslehemma

Parkeringsløyve for rørslehemma skal sikre at du som treng parkeringslette, kan parkere på tilgjengelege parkeringsplassar merka for rørslehemma.

Kven kan søkje?

For å søke om parkeringsløyve må du ha ei rørslehemming. 

Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege deg over noko lengde. Du må kunne dokumentere behov for å parkere ved bustad, arbeid, legebesøk og andre aktivitetar.

Du kan søkje både som sjåfør og som passasjer. Kriteria for å få løyve som passasjer er strengare enn for sjåfør. 

Slik søkjer du

Søk digitalt  Logg inn med ID-porten.

Ein kan søkje på vegne av andre, det treng ikkje vere søkjar som loggar seg inn. 

Fyll ut skjemaet nøyaktig og fullstendig slik at dette gir eit godt bilde av behovet ditt. Dette gir også kortare behandlingstid. Søknader som er ufullstendig utfylte, vil bli returnerte før behandling.

Vedlegg du må ha klart

  • Nye søknadar krev legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg over lengre avstandar
  • Kopi av førarkort dersom du søkjer som sjåfør
  • Dersom søknaden blir innvilga må vi ha passfoto av deg  (skal ettersendast etter vedtak)

Parkeringskort er personleg

Parkeringsløyvet er knytta til deg som person, ikkje til bilen. 

Har du fått innvilga parkeringskortet som sjåfør så er det du som skal køyre når du nyttar kortet. Har du fått innvilga kortet som passasjer så må du vere med på turen som passasjer når du nyttar kortet. Alle parkeringsløyver blir registrert  inn i det nasjonale HC-registeret til Statens Vegvesen, der går det fram om du er passasjer eller sjåfør av bilen. 

Klage

Avslag på søknad om parkeringsløyve kan påklagast til det kommunale klageorganet i personsaker.

Utfyllande informasjon, forskrift og retningslinjer

Tenesta er gratis

Søknadar og tildeling av parkeringsløyve vert handsama etter kommunale retningslinjer og sentral forskrift. Treng du meir informasjon finn du det du treng å vite ved å opne lenkane under. 

Kommunale retningslinjer for tildeling av parkeringsløyve

Forskrift om parkeringstillatelse for forflytningshemmede, Lovdata

Informasjon om fornying av løyve