Rapport frå forstudie om Gloppen som cruisedestinasjon

Rapporten frå forstudien om Gloppen som cruisedestinasjon er no ferdig. Vi opnar for kommentarar til rapporten innan 20. november.

Gloppen kommune har i Strategisk næringsplan 2025–2033 vedteke å arbeide for utvikling av cruiseturisme. Hovudformålet med forstudien var å vurdere dei samfunnsmessige konsekvensane av ei vidare satsing på cruise.

Anbefaling i rapporten

Mimir AS har vurdert tre scenario for ei vidare satsing på cruise i Gloppen: 

  • Scenario 0+: Vidareutvikling av dagens tenderanløp
  • Scenario 1: Fast kai for større skip og høgare volum
  • Scenario X: Mindre kaianlegg retta mot små og mellomstore skip i ekspedisjons- og high end-segmentet

Anbefalinga i rapporten er at Gloppen bør satse systematisk på ei vidareutvikling av dagens tenderanløp (scenario 0+), og at cruise bør utviklast i samanheng med det landbaserte reiselivet, med mål om eit kvalitetsbasert vertskap. Forstudien viser at denne utviklinga er mest i tråd med lokale planar, innbyggjarane sine ønskje og Gloppen sin kapasitet.

Les rapporten her (PDF, 7 MB)

Har du kommentarar til rapporten?

Gloppen kommune ønskjer å høyre kva innbyggjarar, næringsliv og andre samfunnsaktørar meiner om anbefalingane i rapporten.

Uttalar til rapporten må merkast med saksnr. 25/2651, og kan sendast på følgjande måtar:

Vi gjer merksam på at uttalar vil vere offentlege. Både rapporten og uttalane vil bli lagt fram som kunnskapsgrunnlag for vidare politisk behandling.

Frist for å sende uttaler til rapporten er 20. november 2026.